Framsida arrow Barn og ungdom
Meny
Framsida
Kva skjer?
Barn og ungdom
Bøneemner
Andakt
Bildegalleri
Film
Historie
Linkar
Kontakt oss
Program
Sorry, no events to display
Dagens bibelvers

Smak og sjå at Herren er god.
Sal. 34:9a

Barn og ungdom
Tentreff har fått blogg!
tirsdag 08. september 2009
Tentreff har no fått ein egen blogg der vi vil legge ut bilder, info om tentreff og anna moro. Du finn også program for tentreff og ungdomsmøter, bilder frå leir mm. Ta ein kikk her: tentreff.blogspot.com ;)
 
Heimeleir på bedehuset markerte starten på bedehushausten!
søndag 30. august 2009

ImageNo er vi nett kome heim att frå ein grådig kjekk heimeleir på bedehuset. Ein haug med born og ikkje så få voksne har vore innom i løpet av helga og vi har hatt det veldig artig i lag. Så no tenkte vi å nytta høvet til å legga ut ein liten rapport og litt bilder frå leiren og i tillegg skriva litt om kva som skjer i bedehuset i haust.

 

 

 

Les meir...
 
Bilder frå tur til Sætervika
fredag 12. juni 2009
ImageKristi himmelfartsdag var Onsdagsklubben og Yngste Røster på avslutningstur til Sætervika i Samnanger. Mange av både vaksne og born tok turen, og vi hadde det grådig kjekt! Vi begynte dagen med grilling, før vi hadde sporløp. Seinare blei det tid til både leiking og padling i kano for dei som hadde lyst til det. Men det er kjekkare med bilder enn tekst, så klikk inn på bildegalleriet for å sjå litt bilder frå turen. :) Eller klikk her.
 
Ungdomsmøtehelg i Kyrkjekrinsen bedehus 7-9 november!
tirsdag 21. oktober 2008

ImageEtter vinterens ungdomsmøtehelg var steminga klar: Dette må vi gjere igjen!
Og det gjer vi! Helga 7. - 9. november arrangerast haustens ungdomsmøtehelg i Kyrkjekrinsen bedehus i Åsane (rett ved Plantasjen).Tema denne gangen er "Å leve livet". Karen Sofie Romarheim vil utfordre oss til å leve livet vårt slik Gud har tenkt. Ikkje for hans beste nødvendigvis - men for vårt og andres beste! Ved å leve det livet Gud har tenkt for oss får vi ein spanande dimensjon inn i kristenlivet vårt

 

Les meir...
 
Søndagsskulen skiftar dag og navn
mandag 08. september 2008

ImageDet høyrest kanskje rart ut, men Søndagsskulen skal faktisk skifte dag! Dermed sikfter han óg navn og skal no heite Onsdagsklubben. Vi skal fortsatt bruke Søndagsskuleopplegget som heiter "Sprell levande", men skal altså frå no av samlast fast annankvar onsdagskveld frå kl. 17 til 18.15. Vi håpar vi får besøk av mange born som vil læra meir om Jesus! Noko anna som er nytt er at vi skal ha kveldsmat på slutten av kvar samling, så det vert veldig kjekt. Og ekstra kjekt er det jo dersom nokon foreldre óg tar turen innom!