Framsida arrow Historie
Meny
Framsida
Kva skjer?
Barn og ungdom
Bøneemner
Andakt
Bildegalleri
Film
Historie
Linkar
Kontakt oss
Program
Sorry, no events to display
Dagens bibelvers

Smak og sjå at Herren er god.
Sal. 34:9a

Historie
Historie
tirsdag 26. februar 2008

ImageI 1923 vart det skipa indremisjonsforeining i bygda vår. Ho fekk namnet Lygra og Lygreneset Indremisjonslag, og hadde heile distriktet frå Feste og Lygra til Monstad som arbeidsfelt. Møte og andre samlingar var stort sett i skulehusa, fyrst og fremst på Lygra og Myksvoll.

Det var i 1939 tanken om eige hus kom opp. Då var bedehuset i Øystese i Hardanger lyst ut for sal. Huset måtte rivast på grunn av flaum, og det vart vedteke å byggja nytt istadenfor. Søndag 26. mars dette året var 14 menn samla i Myksvoll skulehus, og desse gjorde samrøystes vedtak om å kjøpa huset for 2500 kroner. Jon Myksvoll gav gratis tomt til huset. Det vart frakta frå Øystese, og sett oppatt her, stort sett på dugnad. Heile bygda var med på innsamlinga til nytt bedehus.

Bedehuset vart innvigd 31. mai 1941. ”Huset var fylt til siste plass både den store og små salen, likeeins stod folk i entreen”, seier referatet.
I åra framover, ikkje minst etter krigen, vart det gjort mykje arbeid for å få huset i god stand. Det meste vart gjort på dugnad, men noko vart betalt. Mellom anna mala Øyvind Spurkeland talarstolen og veggen bak, eit arbeid som vert kommentert av mange som er innom huset.

I 1976 vart huset utbygd mot nord, ein fekk ny stor entré oppe, større gang nede og innlagt vannklosett. Også seinare har huset vore pussa opp fleire gongar, og sjølv om hovuddelen var sett opp i Øystese i 1899, og er godt over 100 år, er huset framleis i stort sett god stand.

Indremisjonslaget skifta i 1968 namn til Myksvoll Indremisjon. Vollom har no òg hatt sitt eige bedehus lenge, slik at det no er Lygra sokn/Feste skulekrins som er arbeidsområdet til laget.