Framsida arrow Barn og ungdom arrow Ungdomsmøtehelg i Kyrkjekrinsen bedehus 7-9 november!
Meny
Framsida
Kva skjer?
Barn og ungdom
Bøneemner
Andakt
Bildegalleri
Film
Historie
Linkar
Kontakt oss
Program
Sorry, no events to display
Dagens bibelvers

Smak og sjå at Herren er god.
Sal. 34:9a

Ungdomsmøtehelg i Kyrkjekrinsen bedehus 7-9 november!
tirsdag 21. oktober 2008

ImageEtter vinterens ungdomsmøtehelg var steminga klar: Dette må vi gjere igjen!
Og det gjer vi! Helga 7. - 9. november arrangerast haustens ungdomsmøtehelg i Kyrkjekrinsen bedehus i Åsane (rett ved Plantasjen).Tema denne gangen er "Å leve livet". Karen Sofie Romarheim vil utfordre oss til å leve livet vårt slik Gud har tenkt. Ikkje for hans beste nødvendigvis - men for vårt og andres beste! Ved å leve det livet Gud har tenkt for oss får vi ein spanande dimensjon inn i kristenlivet vårt

 

Det blir møter fredag og lørdag kl 19.30, og søndag kl 17.00. Vi satsar på gode møter med lovsang, vitnesbyrd, tale og bønn. Søndag blir det også mulighet for å ta del i nattverdsmåltidet! Etter møta blir det underholdning av beste sort, salg av mat og mykje sosialt.

Forutanom møta vert det GUTTE- og JENTESEMINAR lørdag kl 17.30! Trykk på linkane under, så kan du lese meir om dei!

GUTTESEMINARET:

http://www.ungdomogmedier.no/sider/tekst.asp?side=1

JENTESEMINARET:

http://www.ungdomogmedier.no/sider/tekst.asp?side=4

PS: Det blir fellesreise frå Myksvoll bedehus desse dagane. Meir informasjon om dette kjem seinare, men utrulig kjekt om du hadde sett av denne helga!

 
< Forrige   Neste >