Framsida
Meny
Framsida
Kva skjer?
Barn og ungdom
Bøneemner
Andakt
Bildegalleri
Film
Historie
Linkar
Kontakt oss
Program
Sorry, no events to display
Dagens bibelvers

Smak og sjå at Herren er god.
Sal. 34:9a

Fullt hus på bibelhelg
mandag 17. november 2008

Om ikkje det var fullt heile tida, var bedehuset i alle høve fullsett søndag føremiddag på bibelhelga 14.-16. november. På dette møtet måtte det og sitja folk i gongen, og alle aldrar var representert.

 

Audun Hjellvik var talar på bibelhelga, og hadde tema utfrå kapittel 8 i Apostelgjerningane. Utfrå forteljinga om dei første kristne trakk han mange parallellar til vår tid.

Fredag hadde me bibeltime først, og etterpå var det tentreff i kjellaren. Audun hadde andakt her og. Laurdag var det to bibeltimar på ettermiddagstid med matpause mellom, før møtet søndag føremiddag avslutta helga. Denne dagen var og songgruppa Hatikva med og song, ungdomsmøtebandet spela til allsongen, og dei som ville kunna dela nattverdmåltidet saman. Det vart ei flott avslutning på ei helg med Guds ord i sentrum.

 
< Forrige   Neste >