Framsida arrow Barn og ungdom arrow Heimeleir på bedehuset markerte starten på bedehushausten!
Meny
Framsida
Kva skjer?
Barn og ungdom
Bøneemner
Andakt
Bildegalleri
Film
Historie
Linkar
Kontakt oss
Program
Sorry, no events to display
Dagens bibelvers

Smak og sjå at Herren er god.
Sal. 34:9a

Heimeleir på bedehuset markerte starten på bedehushausten!
søndag 30. august 2009

ImageNo er vi nett kome heim att frå ein grådig kjekk heimeleir på bedehuset. Ein haug med born og ikkje så få voksne har vore innom i løpet av helga og vi har hatt det veldig artig i lag. Så no tenkte vi å nytta høvet til å legga ut ein liten rapport og litt bilder frå leiren og i tillegg skriva litt om kva som skjer i bedehuset i haust.

 

 

 

Leiren begynte med kveldssamling og kvelds fredag og då var vi allereie tjue born. Jorunn hadde andakt og alle fekk vera med på ei lita skattejakt. På laurdag begynte vi tidleg med bibelsamling klokka 10 og vi fekk besøk av ein artig fyr som heite Nils Arne som jobba i Søndagsskuleforbundet. Han fortalte om ein mann som heite Bartimeus som var blind, men som fekk synet igjen då han ropte på Jesus og Jesus stoppa ved han. Ei flott Imagehistorie som viser at Jesus tek seg av kvar enkelt. Seinare fekk vi vera med på både sporlaup, graut, hobby, leikar, leirkorøving pølsemiddag og kveldssamling. Ein utruleg kjekk dag. Søndag åpna med fleksi-frukost der mange tok turen innom. Klokka 11 var det familiesamling og Nils Arne var tilbake og fortalde om då Jesus møtte ein lam mann som vart firt ned frå taket! Jesus både tilgav syndene hans og gjorde han frisk i beina igjen. Til slutt på samlinga stilte leirkoret opp og song tre songar.
Tusen takk til alle som var med og gjorde dette til ei flott helg! Klikk her for å sjå fleire bilder.

Denne leiren var på ein måte startskuddet for hausten i bedehuset, sjølv om både Yngres og Tentreff allereie har hatt sine første samlingar. Yngres og Onsdagsklubben har samling annankvar onsdag, og Yngste Røster har samling dei andre onsdagane. Tentreff har samling annakvar fredag. Annankvar gong er det vanleg tentreff og ellers har vi ungdomsmøte. Første ungdomsmøte er førstkommande fredag. Ellers er det mykje anna som skjer i bedehuset i haust: Fellesskapssamlingar, bibelhelger m.m. VI håpar vi ser akkurat deg på fleire av samlingane i haust!

Alle i bygda skal ha fått program i posten, men det ligg i tillegg ute her på nettsida. Klikk inn på "Kva skjer?" i menyen eller sjå i miniprogrammet under menyen til høgre.

 
Neste >